Vurdering på elevane sine premissar

Det viktigaste formålet med vurderingar skal vera læring, men det er det ikkje i dag. Vi lever med eit stadig søkelys på å definere oss med tal og poengsummar, noko som står i vegen for at vi skal kunne meistre nye utfordringar. Ein god læringsprosess lid av prøvar som måler det vi hugsar og karakterar som aukar stress og press. Det som er meint som eit reiskap for å hjelpe deg med å lære, har enda opp med å setje deg opp mot dine medelever i ei jakt på tal som skal fortelje deg det du kan og ikkje kan. Vurderingane i dagens skule fører til dette.

Prøve-regimet ein møter på i skulen er ikkje tilpassa elevane. Dei måler ikkje det du kan, dei måler kva du klarer å hugsa etter ein lang kveld med pugging. Vi treng varierande vurderingsformer som legg til rette for at alle elevar kan vise djupna og breidda i kunnskap sin, og då vurderingskriterium som er utarbeidde saman med elevar. Dette inneber òg at elevane medverkar i prøveplanar, for å gi riktig tid og omstilling mellom vurderingssituasjonar.

Eksamen er over 1000 år gammal, men ingen har tort å endra på vurderingsforma etter alle desse århundra. Samtidig har eksamen alt for mykje makt over kva ein lærer i timane. I staden for å læra faget, lærer ein å prestera på eksamen. Vi bruker alt for mykje tid på eksamensførebuingar. Det betyr at ein ikkje lærer for å læra, ein lærer å pugga og vidare gløyma det igjen. Derfor treng vi ei sluttvurdering som er med på læringsprosessen, ikkje ein som stikk kjeppar i hjula for han.

Derfor krev Elevorganisasjonen at:

  • Eksamen skal erstattast av mappevurdering i ungdomsskulen og vidaregåande
    opplæring.
  • Trekkordninga til eksamen skal endrast, og gjerast meir føreseieleg og rettferdig.
    Alle prøveplanar skal utarbeidast saman med elevane, både i ungdomsskulen og
    i den vidaregåande skule.
  • Det skal vera ein maksimal mengd på vurderingar i løpet av ei skuleveke, både i
    ungdomsskulen og vidaregåande skule.
  • Elevane skal aktivt godkjenne vurderingskriterium i forkant av
    vurderingssituasjonar.
  • Karakter i orden og åtferd skal fjernast.
  • Elevane skal få ein munnleg og ei skriftleg tilbakemelding på alle vurderingar.
  • I samband med fagfornyelsen (LK20) skal det skje ein gjennomgang av
    vurderingspraksisen i norsk skule, med mål om å skape vurderingar på elevane
    sine premissar, redusere prestasjonspress og lage vurderingar som varetar LK20
    sinne prinsipp om djupnelæring og vurdering for læring.

Politisk prioritering for perioda 2022 – 2025