Mange elevar får aldri svar på slike spørsmål medan dei går på skulen. Lærerplanen gir oss krav på undervisning om kropp, identitet, grensesetjing og seksualitet. Problemet er mangelfull, eller ingen, seksualundervisning på skulane.

Krev betre seksualundervisning på skulen din! Snakk med rektor, elevrådsleiar eller di klasserepresentant. arranger ein temadag, få besøk av medesinstudentar eller inviter helsesjukepleiar inn til klassens time.

Meir og betre seksualundervisning

Mange skular har lite og dårleg seksualundervising. Ofte fortel ein litt klein naturfaglærar om befruktning av egg eller så får ein i oppgåve å putte ein kondom på dildoar av isopor. Skrekkeksempla er når læreraren set på ein pornofilm og går ut, eller inga seksualundervisning i det heile tatt. Vi må, og skal ifølge læreplanen, lære om seksualitet, identitet, kjensler og grensesetjing.

Frå politisk måldokument: D.2.12 Seksualundervisning i skulen

Seksuell trakassering er svært utbredt blant ungdom. Kvar femte jente har opplevd å bli kalt “hore” eller andre ord med seksuelt innhold. Dette er svært problematisk, fordi seksuell trakassering kan føre til angst, depresjon, negativt kroppsbilde og lav selvtillit. Gutter opplev også verbal seksuell trakassering.

På grunn av en så negativ utvikling innenfor dette området, så bør dette vere eit tema som er ein større del av timeplanen. Det er også viktig at lærarane skoleras, og at handtering av seksuell trakassering, og seksuell trakassering generelt, blir ein del av pensum i lærarplanen.

lucie

Elevorganisasjonen meiner at:

  • Opplæringa innan seksuell helse og samliv må bli utvida med fleire timar for å vareta og forbetra kompetansen til norsk ungdom innan seksuell helse.
  • Makt i seksjonar og eineretten til individet over eigen kropp må bli inkludert i undervisninga.
  • Alle sider av seksualundervisninga skal bli belyst.
  • Lærar- og lektorutdanninga skal innehalde relevant seksualundervisning.
  • Skulen skal ha ansvar for å gje elevane kompetanse på temaet kjønns- og kroppspress, kjønnsidentitet, seksuell legning, seksuell trakassering, seksuelle overgrep og valdtekt.
  • Elevane skal få nok kompetanse til å førebygge og verne seg i seksuelle risikosituasjonar. Det må vera eit mål at elevar lærer nok om eigne og andre sine grenser slik at desse situasjonane i utgangspunktet ikkje oppstår.
  • Seksualundervisninga skal følgje elevane gjennom skoleløpet.
  • Det skal bli oppretta ein landsdekkande, fleirårig satsing i skulen mot seksuell trakassering.
  • Skulen skal aktivt arbeide for å auka medvitet rundt bruken av skjellsord med fokus på legning og/eller kjønn.

Frå politiske prioriteringar: Trygge elever lærer best

Ingenting fremjar læring som trygge rammer i skulen. For å lære godt og å bli ein god  samfunnsborgar må eleven ha det godt, både med seg sjølv og dei rundt seg. I dag er  skulen ein utrygg stad for alt for mange elevar. Skulen har både system som gjer deg  utrygg, og som ikkje gjer noko med utryggheitene han skaper.

Vi treng ein skule som ser kvar enkelt elev og behandlar alle med den omsorga dei  treng. Den beste skulen i verda er ein trygg skule.  

Derfor krever Elevorganisasjonen:

  • Laget rundt eleven blir styrkt med fleire fagpersonar som skulepsykologar og miljøarbeidarar. Det skal innførast bemanningsnormer og øyremerka middel for å sørge for god dekning av skulehelsetenesta.
  • Det skal innførast eit prøveprosjekt med BUP på skulane.
  • Seksualundervisning skal styrkast, det skal vere seksualundervisning allereie frå barnetrinnet.