Eksamen = Yatzy

Eksamen måler ikkje kunnskapen din, men din flaks

Eksamen er over 1000 år gammal, men ingen har tort å endre på vurderingsforma etter alle desse hundre åra. Samtidig har eksamen alt for mykje makt over kva ein lærer i timane. I staden for å lære faget, lærer ein å prestere på eksamen. Vi bruker alt for mykje tid på eksamensførebuingar. Det betyr at ein ikkje lærer for å lære, ein lærer å pugge og vidare gløyme det igjen. Derfor treng vi ei sluttvurdering som er med på læringsprosessen, ikkje ein som stikk kjeppar i hjula for han.

Frå prinsipprogrammet, Kapittel 3.3: Læring og vurdering

Læring er ein kontinuerleg prosess der ein heile tida tileignar seg ny kunnskap, erfaringar og strategiar som kan brukast til å læra heile livet. Det betyr at vi må legga større vekt på læringsprosessen, ikkje alltid resultata av han. Du har ikkje nødvendigvis lært dei mattestykka du pugget til kapittelprøven, viss du gløymer dei i etterkant. Læring er altså ikkje nødvendigvis det du gjer for å kunna prestera på prøvar, men det er å vita korleis ein tileignar seg kunnskap. Dessutan skal elevane oppleva at det dei lærar har ei kopling til det verkelege livet, både i lokalmiljøet og i det globale samfunnet. Verda står overfor utfordrande problemstillingar, og dagen sine elevar er morgondagens samfunnsbyggjarar.

På verdas beste skule skal ein vurderast for å læra. Vurderingar skal fremma den kontinuerlege læringsprosessen, ved å gi gode tilbakemeldingar så elevane kan utvikla seg.

Vurderingane som blir brukte i skulen, og spesielt sluttvurderinga, har stor innverknad på korleis undervisninga føregår. I den beste skulen i verda, fremmar òg sluttvurderinga læring. For å kunna sjå heilskapleg på utdanningsløpet, er det viktig å ha vurderingsformer der ein får gode tilbakemeldingar ein kan bruka til å utvikla seg fagleg. Elevane må kunna påverka og tilpassa sluttvurderinga etter eigne læringsmetodar og føresetnader. Sluttvurderinga skal byggast på djupnelæring og skal reflektera at læring er ein kontinuerleg prosess.