Iver

Iver Flyum-Bjørlo

Fylke: Vestland

Å skape verdas beste skule kan vere ein einsam jobb. Vi er få tillitsvalte spreidd ut over heile landet som går i mot eit system mykje større enn oss sjølv. Eg ønsker å vere nestleiar for å styrke kvar enkelt tillitsvalt, inkludere dei i fellesskapet og skape ein organisasjon alle elevar kan høyre seg heime i. Eg heiter Iver Flyum-Bjørlo, kjem frå toppen av nordfjord, og er fylkessleiar i Elevorganisasjonen i Vestland. Eg skal kjempe for at skulen gjer kvar elev om til den beste versjonen av seg sjølv.