madelen.leder

Madelen Kloster

Fylke: Vestland

Verdas beste skule er ein skule som ser alle. Det er ein skule der ingen fell frå, og der alle får utfordre seg sjølv. Det er ein skule der alle ønskjer å gå. Slik er ikkje dagens skule. Men det vil eg endre. Derfor stiller eg til nestleiar i Elevorganisasjonen. Eg heiter Madelen Kloster, eg er 18 år, kjem frå Arna og er fylkesleiar i Vestland. Eg skal jobbe for at skulen blir ein plass som ser kvar enkelt elev. Eg skal jobbe for at alle elevar skal få si stemme høyrt. Eg skal jobbe for verdas beste skule.

Godt val!