|
|
Tekst og bilde: Synnøve Botnen Reisebrev frå Hercegovina I 2005 starta Elevorganisasjonen eit pilotprosjekt med å byggja opp ein elevorganisasjon i Hercegovina. 8.- 15. desember i fjor var HSU-gruppa (Hercegovian School Student Union) i Hercegovina for å sjå kva som føregjekk der, og for å evaluere prosjektet. HSU-gruppa består av Cathrine Karlson (politisk nestleiar), Synnøve Botnen (sentralstyremedlem), Ledina Johansen (fylkesleiar, Aust-Agder) og Pia Lyseggen (fylkestyremedlem, Hedmark).
I 2005 starta Elevorganisasjonen eit pilotprosjekt med å byggja opp ein elevorganisasjon i Hercegovina. Fram til våren 2007, har me hatt prosjektmedarbeidarar frå Noreg der nede, i tillegg til ein lokal (Edo), som framleis jobbar der.
Hercegovian Student Union er aktiv i tre såkalla kantonar. For tida jobbar desse med: - Generalforsamling til våren - Debatturneringar - Kulturdag
I tillegg til dei lokale styra, har dei og eit ”coordination board”, som er samansett av personar frå alle dei tre kantonane.
Over til turen vår, det har vore ein spennande og minnerik veke i Mostar, Hercegovina.
Laurdag 8.desember kl 05.00 var det tid for avreise. Så me reiste med flytoget til Gardermoen, der ein lang innsjekkingskø venta oss. Men med masse springing på flyplassane for å rekke flya og dårlig tid grunna mellomlandingane, kom me endeleg fram til Split, der sjåføren allereie stod og venta. Då me kom fram til Mostar, åt me ein god middag på motellet.
Søndagen blei brukt til å sjå oss kring i gamlebyen i Mostar og førebuing til resten av veka.
Måndag stod me alle tidlig opp, og reiste til Nansen Dialogsenter, der kontoret til Edo ligg. Her fikk me ei innføring i kva som hadde skjedd det siste året, mellom anna om the General Assembly (GA) og kort om arbeidet til dei ulike kantonane. Kring halv to-tida, fikk me òg møte det eine av de tre ”fylkesstyra”, Hercegovina Neretva Kanton, der me fikk spurt ein del spørsmål som me hadde skrive og arbeidet med dagen før. Me fikk ein gjennomgang av kva dei hadde gjort i sitt ”fylkestyre”, og kva som føregjekk i elevråda rundt om kring i deira kanton. Me fekk høyra om at dei følte at dei gjorde det bra, spesielt med tanke på at Elevorganisasjonen her nede ikkje blei oppretta før for 3 år sidan. Dei seier dei føler dei har komme langt, og dei meiner at dei er i eit riktig spor for god vidareutvikling i framtida. Nokre av dei store problema dei påpeiker er økonomien som ikkje strekk til, rektorar som berre har elevråd på papiret. Dei påpeiker òg at dei slit med motivasjon og kommunikasjon.
Tysdag gjekk turen til Sarajevo, som tok litt over to timer med bil. Her hadde me på førehand fått beskjed om at det var vanskelig å finne parkeringsplass, men dette løyste me fort og greitt med at me kjørte ned ei trapp og parkerte bilen der (Synnøve er ein særs dyktig sjåfør). Her skulle me på møte med ambassaden. Der blei me tatt i mot av Lisa Michelsen Golden, og Rachel Caroline Papa. Her fortalte me om HSU-prosjektet, og søkte om pengar til den lokale prosjektmedarbeidaren vår, Edo. Møtet gjekk veldig bra.
Onsdag var me igjen på kontoret til Edo, der me skreiv ferdig søknaden til ambassaden, og begynte å ta notat til kva eit godt reisebrev frå denne turen burde innehalde. Seinare denne dagen, tok me i mot tipset frå Tine om å reise til Blagaij, for å besøke ein heilag muslimsk stad. Her måtte me ta av oss på beina og dekke håret til med sjal.
Neste dag gjekk turen til Republika Srpska, for å besøke ”fylkesstyret” der (East-Hercegovina Union). Me hadde leigebil med kroatiske skilt, dette var noko Edo var svært bekymra over. Dette fordi det er den serbiske delen av landet. Men me kom oss heile fram og tilbake.
Styret i denne kantonen har hatt ein litt treg start, grunna dårleg kollektivtransport. Ein av dei som sit i styret, fortalde mellom anna at han kom klokka 8 om morgonen, og måtte vente til klokka 8 om kvelden for å kome seg heim. Men dei har komme i gang no, og planlegg mellom anna neste generalforsamling.
Så var det fredag, og vår siste dag i Hercegovina. Denne dagen reiste me til det siste ”fylkesstyret”, i West Hercegovina Union. Dei er svært opptatt av det økonomiske, og kvar dei kan få pengar frå. Etter møtet gjekk me på ein kafé med nokre av dei som satt i styret og Edo. På vegen heim stoppa me i Medjugorje, som er den nest mest besøkte kristne pilegrimsstaden i verda.
Klokka 02.00 natt til laurdag, stod me og venta på sjåføren som skulle kjøra oss til flyplassen. Me hadde fått veta frå Edo at han ikkje trudde flyplassen opna før ein time etter me planla å komma fram. Men me sette oss i bilen og kjørte til Split. Då me kom fram såg flyplassen litt stengt ut, og me var ganske bekymra. Det blåste veldig kraftig, og me såg ingen plass der me kunne stå i ly. Flyplassen var open, og me kom oss heim tilslutt :)
Publisert: Tysdag 15. januar 2008
|
|
BESKJEDER
Alle pengene fra EO-fondet er betalt ut. Hvis din skole fikk innvilget en søknad, og har returnert akseptskjemaet, men ikke mottatt midler, send en mail til eofondet@elev.no
Kontoret er åpent mandag til fredag mellom 09.00 og 16.00. Telefon: 22 99 37 00
For presse-
henvendelser
Leder
Ingrid Liland
22 99 37 20 /
93 23 65 54
Politisk nestleder
Rachel Corneil,
22 99 37 21 /
41 29 40 60
|
|
|
|